Sjølv om det ikkje blir baka kneppkakar i år, kan det likevel skje at småkaker og kaffe kan hjelpe til med å døyve lidinga som julebloggaren blir utsett for gjennom endelause mengder av inkjeseiande, innhaldslause og tomme julemusikkspel. I dag har vi først baka brune pinnar. No set et meg ned med kaffekoppen og nybaka bakst for å sjå enda ein uspennande musikkspelfilm. Vi får sjå om eit par timar om kake og kaffe hjalp på musikkspelopplevinga.
Dei brune pinnane var særs gode. Må skunde meg å trille terning før filmen byrjar. Terningkast:
⚄