Bakverk til jul

Frå julebloggarkjøkkenet

Den einaste grunnen til overskrifta, og den einaste grunnen til at innlegget i dag er på nynorsk, er at julebloggaren har juksa litt.

Det er fleire av lesarane som er klar over at eg har blitt tvinga av sjefen til å vere heimefrå ei natt på grunn av arbeidet, men det er også fleire av lesarane som veit at eg er heimefrå den påfølgande natta av private grunnar. 

Resultatet av dette, er at eg måtte bake meir natt til torsdag denne veka, og i dei seine nattetimane, blei det jammen også bakt havreflarn. Dei blei greie dei.